top of page
8785752275684385020.jpg

Om oss

Mellom fjord og fjell i Hardanger ligg staudegartneriet Ljono stauder. Her dreg me nytte av eit godt vekstklima, og produserer eit breidt sortiment med hardføre stauder som høver for anlegg. 

Ljono stauder vart etablert i 1992 av Torunn Hovland Ljone. Etter 30 års drift vert det frå årsskifte i 2022 eit generasjonsskifte og Guro Ljone skal driva gartneriet vidare. 

 

Mange års erfaring med staudeproduksjon til anlegg gjer at me kan tilby eit godt eigna sortiment for norsk klima. Sidan starten har produksjon av norske villflorastauder vore ein del av drifta vår. Med gode frøkjelder kan me tilby villflorastauder med opphav frå ulike deler av landet. 

 

Me har gode fraktavtalar og leverer stauder i heile Sør-Noreg. 

Kven me er

124072215_10164974274640151_6593689892732785346_n_edited_edited.jpg

Guro Ljone

Guro Ljone er andre generasjon drivar av Ljono stauder. Ho vaks opp i gartneriet, og interessa for grøne vekster vart vekt tidleg. No har ho forlate kontortilværet som kulturarbeidar for å satsa på ei grøn framtid i Ljono stauder.

124072215_10164974274640151_6593689892732785346_n_edited.jpg

Torunn Hovland Ljone

Torunn Hovland Ljone etablerte Ljono stauder i 1992. I læreboka hennar om planteskuledrift stod det at nærleik til marknaden var avgjerande - eller at ein måtte vera veldig interessert. Då tenkte ho at det kunne gå bra. 30 år seinare leverer Ljono stauder til heile Sør-Noreg, til trass for at transportbilane må ta ein smal og svingete veg opp og ned fra gartneriet. Torunn var tidleg ute med produksjon av norske villflorastauder til anlegg, og kompetansen til Torunn vert brukt av både landskapsarkitekter og anleggsgartnarar.

fb_img_1633898823118_edited_edited.png

Aslak Ljone

Aslak Ljone er utdanna som hageplanleggjar og grøntanleggsforvaltar ved den grøne fagskulen på Vea. Han driv verksemda Ljono hage som tek på seg oppdrag for offentlege og private verksemder, samt privatkundar. Når han er ledig bidreg han i gartneriet, med både produksjon og skjøtsel. Ikkje minst er det han som trimmer bøkehekken vår. I samarbeid med Ljono hage kan me ta på oss utarbeiding av planteplanar med leveranse av stauder.  

bottom of page