Inger Munchs brygge
På Inger Munchs brygge er det etablert ei blomeeng framfor det nye Munch-museet. I juni 2022 kom den ni meter høge bronseskulpturen The Mother av Tracey Emin på plass.
Blomeenga er ein del av eit stort kunstprosjekt der den ni meter høge bronseskulpturen The Mother skal vaka over Munch-museet. Det er den britiske kunstnaren Tracey Emin som står bak kunstprosjektet, og kunstprosjektet blir ein del av Oslo kommunes kunstsamling. Enga er designa av den prislønna, London-baserte landskapsarkitekten Johanna Gibbons i J & L Gibbons.
Enga baserer seg på den lokale Oslofjord-floraen, som på grunn av den kalkrike grunnen er svært artsrik. Blomeenga er blitt eit lite økossystem i miniatyr med tilretteleggjing for pollinerande insekt.
Ljono stauder vart kontakta tidleg i prosjektet. Johanna Gibbons samarbeidde med den norsk landskapsarkitekten Kristian Holo i Holo & Holo, og begge to besøkte gartneriet i Ulvik våren 2019 for å sjå korleis naturplanter vert produserte.
Etter besøket fekk Ljono stauder kontrakten, og i samarbeid med botanikarar og plantekyndige vart det samla inn frø i landskapet rundt Oslo-fjorden. Frøa vart sende til Ulvik og sette i produksjon. I 2020 vart plantene planta ut i Bjørvika. I tillegg er det sådd ei frøblanding for blomeeng. No er det ei godt etablert blomeeng, og området er allereie vorte eit populært rekreasjonsområde for Oslo-borgarane. Enga skal skjøttast som ei tradisjonell slåtteeng, og i september vart enga slått med ljå.
Juni 2022 var det avduking av skulpturen The Mother.
Prosjektinformasjon
Ferdigstilt: juni 2022
Adresse: Edvard Muchs plass 1, Oslo
Oppdragsgjevar: Bymiljøetaten og Kulturetaten Oslo kommune
Kunstnar: Tracey Emin
Landskapsarkitekt: J & L Gibbons med Holo & Holo som norsk underleverandør
Anleggsgartner: Braathen Landskapsentreprenør AS
Fotokreditering: Ingvild B. Myklebust, Kulturetaten, Oslo kommune
Les meir:
https://www.oslo.kommune.no/natur-kultur-og-fritid/kunst-og-kultur/the-mother/#gref
https://www.avisa-hordaland.no/ulvik-staudar-skal-pryda-munch-museet-kun-det-beste-er-godt-nok/s/5-132-11139