Vega scene

Vega scene er Oslo sitt første blågrøne tak med over 20 ulike artar frå Oslofjord-floraen.

Vega scene er eit kino- og teaterbygg sentralt i Oslo og er planlagt av Asplan Viak. Bygget er prosjektert med eit blågrønt tak der det er planta over 20 artar heimehøyrande i Osloområdet. Desse plantene er dyrka opp av Ljono stauder frå frø innsamla langs Oslofjorden. Det er også utvikla ei unik lettvekts jordblanding som er tilpassa plantene. Utveljing av planter og jordblanding er gjort i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). I samarbeid med Bergknapp AS og Protan AS vart det utvikla ei ny og banebrytande løysing som handterer framtidas 20 års regnhendingar (dagens 200 års regn) på taket. Vega Scene er som første kulturbygg i Norge BREEAM-klassifisert. Det vart oppnådd sertifiseringsnivå “very good”.

NVE har målestasjoner på taket og forskar på taket si vasshandtering. Asplan Viak, i samarbeid med NIBIO, forskar på utviklinga av vegetasjonen på taket. Beplantinga blir evaluert årleg og nye artar blir testa ut.

Prosjektinformasjon
Ferdigstilt: 2019
Adresse: Hausmannsgate 30, Oslo
Oppdragsgjevar: Hausmannsgate 28 AS/ Urbanium entreprenør AS
Landskapsarkitekt: Asplan Viak AS
Brutto areal: ca. 750 kvm
Leverandørar: Bergknapp AS, Ljono stauder, Protan AS
Samarbeidspartnarar: NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi), NVE
Fotokreditering: Åse Holte / Asplan Viak

Les meir:
https://www.asplanviak.no/prosjekter/vega-scene/
https://arkitektur-n.no/prosjekter/vega-scene-blagront-tak

Prosjektgalleri