Vinkelbygget
Ved Vinkelbygget i Bergen bidreg skuggetålande stauder til å skapa eit spennande uterom mellom kontorbygga.
Vinkelbygget er eit moderne næringsbygg i Kronstadparken. Mellom fleire kontorbygg er det laga ein allmenning med granittdekke. Dette er i praksis er ein takhage ettersom den ligg oppå garasjekjellaren. Oppå granittdekket er det laga til fleire plantekassar i cortenstål, med mindre tre, buskar og botndekkande stauder. Beplantninga er nøye utvald til området, og er planta i Boasson si eigenutvikla lettjordsblanding. Samansetninga av skuggetålande stauder med spennande bladverk i ulike fargar og former gjer dette til eit attraktivt uterom i eit hardt miljø. Ljono stauder har levert staudene til prosjektet.
Prosjektinformasjon
Årstal: 2019
Adresse: Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen
Byggherre: Bara Eiendom AS
Totalentreprenør: Constructa Entreprenør AS
Anleggsgartnar: Boasson AS
Landskapsarkitekt: Arkitektgruppen Cubus AS
Fotokreditering: Siri Vaagan, Boasson AS